Om Festivalen


"Sumarnatta på Lygra" vert i år arrangert av Lyngheisenteret, Kulturbedrifta Askeland Gard - Osterøy og 4H-klubben Samhald II.

Festivalen vart arrangert for første gong i 2010.
I samband med 100-års jubiléet for Lyrikaren Aslaug Låstad Lygre ville Linda Fosse og Askeland Gard skipa til ein Poesi-festival for å minnast ho. Ein festival Linda hadde hatt tankar om sidan i 2005. No vart den endeleg ein realitet!
Saman med Lyngheisenteret og Nordhorland Reiselivslag vart den første "Sumarnatta på Lygra"arrangert ei særs regntung helg i august i 2010. 4H-klubben Samhald II var med som solid støttespelar og hadde ansvaret for den tekniske gjennomføringa.

Poesifestivalen vert utvida
Poesien stod i høgsetet i 2010. Men me såg og at at når me hadde fått programmet ferdig vart det heile eigentleg ein Familiefestival. Etter litt fram og tilbake har me no valgt å gå vekk i frå all "bås-setjing", og vil for ettertida kallar arrangementet for "Sumarnatta på Lygra". Og som de sikkert veit, ei Sumarnatt kan jo innehalde so mangt....

"Sumarnatta på Lygra" ynskjer me at du som publikumar gjerne skal få høve til å utvida din kulturelle horisont, samstundes som du kan føla deg heima i kjende kulturelle genrer. Den skal vera eit arrangement for å fremja tilhørighet og stolthet over eigen region, samt fremja våre eigne kunstnarar og lokale resursar. Men den skal og opna opp for tilreisande kunstnarar og besøk langvegs i frå.

Festivalen skal først og fremst vera eit kulturelt minnesmerke over Aslaug Låstad Lygre og lyrikken hennar, og me freistar difor å arrangera den i hennar ånd. Den er og meint å vera er eit samlingspunkt for å fremja ulike kunst-artar, med alltid ha Teater, Musikk og Poesi  i sentrum.

Dette er  ein festival som vil verta arrangert anna kvart år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar